Meiningslaus handling #14

I dag har eg vore på Dragvoll. Hah! Dragvoll! Etter at eg er ferdig studert! Hoh! HAh! Mei-nings-LAUST!

Tok 5'ern

Åt lunsj der oppe. Kven er det som tek bussen til Dragvoll for å ete lunsj? Jo, ei som gjer meiningslause ting. Men dei eg åt med var ikkje meiningslause, då.

Særs meiningsfulle folk. For meg, kvarandre, universitetet og verda forøvrig. Vil eg seie.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #13

I dag har eg høyrt på nyheiter på samisk i NRK P2, Sámi Radio. Eg skjønte ikkje ein skit. Eg trur ho sa «lavo» ein gong, men det kan hende det ikkje tyder det same som på norsk. Ho sa «sámi» og «sámis» fleire gonger. Eg hadde ingenting å tilføye.

Høyrer godt etter

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #12

I dag gir eg deg eit dikt om meiningsløysa. Sidan det er onsdag og alt. Det er Henrik Nor-Hansen som har skrive diktet, og det er eit utdrag frå samlinga Formiddagen er fri og omtrentlig for den som skriver (Tiden norsk forlag, 2005).

Onsdag morgen. En skriver seg gjennom forståelsen av at
ingenting gir mening. Deretter innser en ofte at også dette
gir mening. Og under kritikken oppdager en enda et sjikt
som skaper mening. En tenker da at alt har mening men i
stedet faller.

Henrik Nor-Hansen

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #11, den spanande fortsetjinga

Den spanande fortsetjinga på mi meiningslause slektsforsking møtte utfordringar i formiddagens snøfall. Vêret var litt for ruskete til at eg fann det forsvarleg å ta meg heilt til Byåsen. Heldigvis har Gunnerusbiblioteket på Kalvskinnet også viktige bøker som Slekten Seip.

Slekten Seip med biografiske opplysninger, Oslo 1987

Det første boka lærer meg er at alle med namnet Seip slektar på Christian Caspar (el. Jesper) Seip (1751-1806) og Karen Glückstad (1759-1806). Eg slår opp bak i boka og finn meg sjølv på side 31.

Dotter av Elin Rognes Solbu og Hans Kristian Seip Solbu, søsken: Kjersti og Erling Rognes Solbu.

Men alt dette visste eg jo frå før. Det er Hanevoldane eg er ute etter. Dei held til på side 80, viser det seg.

Halvard hadde fødselsdag 3. desember. 41 år. Gratulerer!

Far til Halvard, han Carl, er sivilagronom fra NLH, medan Unni er utdanna ved Statens Lærerskole i Husstell. Halvard har også ei syster som heiter Anne Kristine. Han er altså storebror.

Før eg forskar vidare, skal vi friske opp nokre av bragdane til Halvard (ein er vel på fornamn når ein er i slekt?). Halvard har tre OL-gull og fem VM-gull i skiskyting på samvitet. Gløym ikkje det.

Men kor nært er eigentlet slektskapet mellom meg og Halvard? Slekten Seip har sjølvsagt svaret. Bak i boka er eit flott utbrettbart slektstre.

Kartet

Her er eg og familien min:

Ingrid and her family sittin' in a tree

Og heeeilt på andre sida av treet sit Halvard og gjengen:

Halvard sit i same tre som meg

No gjeld det å rekne ut korleis dette heng ihop. Eg skjønar ingenting. Treet er svært. Det er tre greiner ut frå forfedrane Jesper og Karen. Eg gir opp og ringer til Pappa Seip. Pappa Seip skal eigentleg i eit møte, men sidan han óg har sansen for det meiningslause, legg han bilnøklane til side og leitar fram si eiga utgåve av Slekten Seip. Så reknar vi.

Både eg og Halvard er av «2. gren»: Andreas Martin Chrystie (1790) og Fredrikke Elisabeth. Eg og Halvard befinn oss seks hakk ut frå dei to i kvar vår retning. Det viser seg deretter at mi farmor, Elise Dietrichson (1914) er firmenning med Halvard si farmor Solveig Helene (trur eg? Pappa, hjelp?), pappa er femmeninng med far til Halvard, Carl, og eg er (trommevirvel) seksmenning med Halvard. Seksmenning! Jøss.

Det er ting som tyder på at eg bør gå attende til å kalle han med både fornamn og etternamn … Eg er seksmenning med Halvard Hanevold.

Hei hei, Halvard Hanevold!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #11

Viss ein googlar Halvard Hanevold, og det synst eg godt ein kan gjere i blant, finn ein litt av kvart. Mellom anna kan ein finne at foreldra, Unni og Carl Seip Hanevold, var stolte av sonen sin då han vann sølv på jaktstarten i Khanty-Mansyisk i 2003. Dette trass at Carl var «sikker på at han skulle vinne.» All ære til dei, altså. Men poenget er ikkje kor gode foreldre dei er. Poenget er mellomnavnet deira: Seip. Seip! Eg er jo ein Seip. Nestan, i alle fall. Pappa er ein vaskeekte Seip. Og alle som heiter Seip er i slekt. Dette må eg kome til botns i.

I dag: meiningslaus slektsforsning. Eg kjem attende når eg har konsultert boka Slekten Seip, trygt plassert i den Seip Solbuske heim på Byåsen. Stay tuned.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ikkje noko meiningslaust å melde

Hjelp! Eg har ikkje noko meininslaust å melde. I går åt eg lunsj heile dagen (Heilt sant. Starta 12.00 og var ferdig 01.30. Før den byrja rakk eg ikkje stort. Meiningslaust? Nei. Hyggjeleg, sosialt og velsmakande.). I dag har eg koka blåbærsyltetøy, vaska opp og hatt kaffislaberas. Så skal eg i eit møte og så er det nytt slaberas, denne gongen ein kveldsmat. Ikkje med kaffi, men med heimekoka gløgg.

Heilt umogleg å få meiningsløysa seg i det heile. For eit liv.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #10

Eg skulle eigentleg lage tørka epleringar og raspe appelsinskal til gløggekstrakt.

Maten

Men kven kan vel motstå freistinga til å sjonglere litt med så mykje bra materiale?

Leike med maten?

Ikkje eg.

Tre fine ballar

No har eg brukt ein halvtimes tid på å teste ut dei forskjellige fruktsortane. Epler er vanskelege. Dei er litt ustadige, ustabilt tyngdepunkt. Appelsinane har veldig tilfredsstillande tyngde, men er litt store. Klementinane er utan tvil dei beste. Tunge nok, små nok og lagar ikkje så mykje bråk når dei ramlar i golvet.

Husmorgymnastikk. Hoi, kor det går.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #9

I dag har eg berre gjort éin ting. Og den er ganske meiningslaus, vil eg seie. Eg har lese alle dagbøkene mine frå 1993-2004.

11 år med hjartesukk

Dei handlar stor sett om at eg har lyst på katt, og så handlar dei om at eg har lyst på kjærast. Innimellom saknar eg syster mi og er overraska over at bror min faktisk ikkje er så verst. 2000-2001 diskuterer eg fordelar og ulemper med heimebrent.

Min kamp, kortversjonen.

Posta under Uncategorized | 2 kommentarar

Meiningslaus handling #8

I dag har eg brukt ein del tid på å finne ut kor mykje jord eg treng å frakte opp for at Kuhaugen skal bli til eit fjell.

Dette kom i stand etter inspirasjon frå filmen The Englishman Who Went Up a Hill But Came Down a Mountain, denne, hrm, perla frå 1995, kor Hugh Grant speler kartografen Reginald som må fortelle ein walisisk landsby at deires store stolthet, fjellet Ffynnon Garw, ikkje er eit fjell, men ein haug. Dette gjer innbyggjarane forbanna. Dei samlar seg og ber, køyrer og trillar med seg jord opp på åsentoppen til den blir høg nok til å godkjennast som fjell. Samstundes må dei halde kartografane frå å dra vidare slik at dei kan måle på mytt. I tillegg er eg inspirert av songen «Land and sky» av Erik Bye, her framført av Hellbillies:

Kuhaugen er ein fin stad å bu. Men det hadde vore endå finare om det hadde heitt Kufjellet. KUFJELLET. Lekkert? Ofte kjennes det som eg bestig eit fjell når eg, etter jobb, med matvarar og ryggsekk, klatrar heim i seksten minusgrader. Men så har eg berre gått opp på ein haug. Skuffande. Ein ruslar opp på ein haug. Men ein bestig eit fjell. Det seier seg sjølv at eit fjell er tøffast.

Altså måtte eg finne ut kor høgt ein haug må vere for at ein skal kunne kalle det eit fjell. I filmen om Ffynnon Garw er kravet 1000 feet, altså 304,8 meter. Dette er altså i 1917. Kanskje har krava endra seg, og kanskje, for alt eg veit, er ikkje Hugh Grant til å stole på. Eg må ha fleire fakta på bordet.

Harde fakta frå Internettet:

Wikipedia har samla ein del definisjonar av fjell, og det er to som dominerer leksikon og ordbøker:
1. Det som ligg over tregrensa
2. Det som ligg over skoggrensa

I formelle samanhengar regnes imidlertid gjerne fjell for å vere det som ligg over skoggrensa. Skoggrensa varierar frå 0 meter heilt nord i Finnmark, til over 1200 meter (over havet) i sør.

Ein deler ofte fjellområda inn i tre delar, avhenging av kor mykje vegetasjon som finst der. Lengst nede har vi den lågalpine sona, deretter den mellomalpine, og øvst den høgalpine sona. Som eit eksempel på kor høgt dei ulike sonane går, kan vi til dømes sjå på fjellet Snota i Trollheimen. Lavalpin sone startar her ved ca. 700 meter over havet (moh) og går opp til ca. 1100 moh. Mellomalpin sone finst frå. ca 1100 moh til ca. 1400 moh, og høgfjell over ca. 1400 moh.

Ok. Eg treng altså å vite fleire ting om Kuhaugen: Kor høg er den, kva slags vegetasjon har den (lågfjell: buskar, blåbærlyng og enkelte spredte trær, mellomfjell: samanhengande vegetasjon, men utan trær, buskar og blåbærlyng, høgfjell: ingen samanhengande vegetasjon, men berre stein og ur) og er den alpin tundra? Eg tek ein tur opp dit for å sjå meg om.

Snart oppe finst fortsatt ein god del vegetasjon

Ei nype. Men enno er eg ikkje oppe på toppen.

Vel framme på toppen ser eg fortsatt ein del spredte trær, men samstundes er det veldig høgt oppe, synest eg, og dessutan ein del stein og ur.

Sola har noko spredt vegetasjon å gå ned bak

Samstundes er det ingen tvil om at eg er høgt oppe ...

... eg kan jo sjå langt pokker i vold.

Stein og ur

Dette var ikkje enkelt. Kor nært er eg å vere på eit fjell? Eg er ikkje kvinne om å måle høgda ut frå utsikten sjølv. Eg må heim igjen og konsultere Internettet. I følge yr.no er det i alle fall ingen tvil om at Kuhaugen er ein haug:

Haug. Ingen tvil om det.

I følge NTNUs bedriftsidrettslag er Kuhaugen 120-122 moh:

122 moh

Skal eg følge Hugh Grant sine regel, som jo er den tydelegaste, må eg byggje 182,8 m med fjell før Kuhaugen kan bli Kufjellet. Skal eg gå ut frå vegetasjonskriteria frå norske ordbøker, må eg nok seie at det er litt for mange trær der oppe til at eg kan kalle det eit fjell, trass stein og ur. Og det veit eg ikkje heilt om eg kan gjere noko med. Nei. Eg gidd ikkje.

Stein og ur, Kuhaugen style.

Lavt og lett tilgjengeleg for hundeeigarar

I dag har eg altså vurdert å byggje eit fjell, men funne ut at eg ikkje gidd eller kan. Takk for i dag.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #7

Eg var på bokhandelen. Skulle kjøpe ei gåve. Ei bok. Marianne bak disken spør om eg skal ha bytelapp i boka. Eg svarar: «Jaa … Nei. Neeh. Jo? Tja ,tjo, njeeæei.» Og slik kunne eg haldt det gåande viss ikkje Marianne hadde gjort meg merksam på at eg eigentleg var ein idiot.

Sjølvsagt skal ein ha bytelapp. Hallo. Det skadar ikkje, sjølv om du er rimeleg sikker på at den som skal ha gåva ikkje vil kome til å byte ho inn. Dessutan kan den brukas som bokmerke. Kjekt! Viss ein verkeleg ikkje vil ha med lappen, kan ein: «Nei, det skal eg ikkje ha.» Enkelt og greitt. Det går og bra, sjølv om det er litt idiotisk å ikkje forsikre seg mot innvendingar frå gåvemottakaren.

Det meiningslause er å lure på om ein skal ha bytelapp. Lengje. Det kan til og med bli destruktivt, særleg i desse tider. Er du på julehandel og køen er lang og julestressa og julesveitt, og ekspeditrisa/-øren ventar på beskjed før boka pakkas inn, då lurar du ikkje på om du skal ha bytelapp i gåven. Då skal du ha. Skal.

Eit stalltips der, altså. «Ja takk!», heiter det.
Takk til Marianne, som gjorde meg merksam på kor meiningslaust eg hadde opptrådd.

Relativt kort kø. Nokon har vore flink og sagt "Jatakk" til bytelapp med ein gong.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget