Ganske ok

Eg får vel vere grei og ynskje dykk ei god jul og eit godt nytt år, eg som anna folk.

No er meiningsløysa altså slutt for i år. Det kan hende eg postar meiningslause handlingar med ujevne mellomrom i 2011 òg, men ikkje kvar dag. Det viste seg å vere krevjande å halde meiningsløysa vedlike, og eg tør ikkje love at eg greier det med ein 100% jobb i tillegg. Blir eg sparka derimot, skal de sjå eg er attende tvert.

Eg vil berre minne om at meiningsløysa ikkje av den grunn er mindre viktig. Ei oppfordring til dykk alle foran det nye året:

Når de høyrer  nokon, på skulen, arbeidsplassen eller til dømes på Norske talenter seie «dette er heeelt fantastisk!», tenk dykk om. Er det eigentleg fantastisk? Eller er det berre ganske ok? Folk brukar orda fantastisk, sinnssjukt og vanvittig som om dei var fornybare ressursar. Det er dei ikkje! Dei mistar si meining jo fleire gonger ein seier dei, og så må ein strekkje seg lenger og lenger for å understreke det når ein faktisk har opplevd noko fantastisk. Økt meiningsløyse og berre sånn passe ok handlingar vil hjelpe på dette problemet. Utviklinga kan kanskje ikkje stansast, men ho kan bremsast.

Med dette ynskjer eg dykk ei heilt grei jul og eit ok nytt år.

Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Ganske ok

  1. Anita seier:

    Håper på flere meningsløse aktiviteter utover nyåret.

    Og enig i oppfordringa di, men her i huset er det «superduper» som blir misbrukt mest og det er superduper søtt:)

  2. meiningslaust seier:

    Superdupert, ja. Kanskje de bør kutte ned til berre dupert? «Hey, for ei fin julegåve, heilt duper!» Så blir det ikkje for mykje av et gode, liksom. Spare super til når det verkeleg trengst. Men det er berre for dei over 25, trur eg 🙂

  3. Jeg bruker bare «fantastisk» om ting som er som en fantasi. Også bruker jeg «fabelaktig» og ting som likner på fabler. Også bruker jeg «eventyrlig» om det som er eventyraktig. Også bruker jeg «festlig» om ting som likner på en fest, f.eks en festival.

  4. meiningslaust seier:

    Godt å høre at _noen_ har et ryddig forhold til etymologien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s