Ganske ok

Eg får vel vere grei og ynskje dykk ei god jul og eit godt nytt år, eg som anna folk.

No er meiningsløysa altså slutt for i år. Det kan hende eg postar meiningslause handlingar med ujevne mellomrom i 2011 òg, men ikkje kvar dag. Det viste seg å vere krevjande å halde meiningsløysa vedlike, og eg tør ikkje love at eg greier det med ein 100% jobb i tillegg. Blir eg sparka derimot, skal de sjå eg er attende tvert.

Eg vil berre minne om at meiningsløysa ikkje av den grunn er mindre viktig. Ei oppfordring til dykk alle foran det nye året:

Når de høyrer  nokon, på skulen, arbeidsplassen eller til dømes på Norske talenter seie «dette er heeelt fantastisk!», tenk dykk om. Er det eigentleg fantastisk? Eller er det berre ganske ok? Folk brukar orda fantastisk, sinnssjukt og vanvittig som om dei var fornybare ressursar. Det er dei ikkje! Dei mistar si meining jo fleire gonger ein seier dei, og så må ein strekkje seg lenger og lenger for å understreke det når ein faktisk har opplevd noko fantastisk. Økt meiningsløyse og berre sånn passe ok handlingar vil hjelpe på dette problemet. Utviklinga kan kanskje ikkje stansast, men ho kan bremsast.

Med dette ynskjer eg dykk ei heilt grei jul og eit ok nytt år.

Posta under Uncategorized | 4 kommentarar

Meiningslaus handling #23

Hjelp, hjelp! Eg har ikkje gjort noko meiningslaust i dag! Neiogneiii! Eg døøøyr!

Eller …

Er det litt meiningslaust å gå rundt og stresse ein heil dag fordi ein ikkje finn på noko meiningslaust å gjere? Forsømme arbeidet fordi ein synk djupt inn i tankar om alle moglege desperate tulleting ein kan gjere for å poste det på ein meiningslaus blogg? Det trur eg kanskje det er.

Puh.

(Har du tips? Innspel? Meiningslause tankar og idéar? Nøl ikkje med å ta kontakt. Eg treng all den hjelpa eg kan få. Huff, kor meiningsfullt livet er i blant. Ikkje til å halde ut.)

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #22

I dag har eg rydda litt i hyllene på Tanum Gardermoen.

Det var ikkje meininga. Det berre skjedde. Tatt av kvinnen var spredd for alle vindar med forskjellig anna rask mellom seg. Millenniumtrilogien sto i feil rekkefølgje. Fleire bøker låg nede, nokre med magen (altså ikkje ryggen) ut. Plutseleg hadde eg retta det opp. Jaja. Kanskje ikkje så dumt for dei som jobbar der og som slapp å gjere det, men kanskje blei det keisamt for dei utover kvelden når dei ikkje hadde noko å rydde. Eg veit ikkje. Som sagt: det berre skjedde.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #21

Å lese ein krim ein har lese før.

Sidan eg har lese ut den einaste boka eg tok med meg til Berlin (Veke 53 av Agnes Ravatn. Anbefalast, gjekk ned i eitt glefs), har eg benytta meg av hotellets (noko begrensa) bibliotek. Der fann eg Mord på Orientekspressen av Agatha Christie. Den har eg lese to gongar før. Dermed er dette dobbelt meiningslaust, så det syng og skrallar. Eg veit kven som dauer, eg veit kven som gjorde det. Eg kjem ikkje til å rekke å lese heile boka før vi reiser hjem, så eg går glipp av heile den tilfredsstillande tala til Hercule Poirot når han forklarer samanhengen til slutt.

Oi, så "spennande". Bra eg har Glühwein.

Kanskje eg berre skal hoppe rett til slutten. Den einaste vitsen med å lese bøker om Poirot er jo tala hans til slutt. Alt før er berre babbel.

Hjelp! Poirot gløymde å be om si sedvanlige flaske mineralvatn før han gjekk til sengs. Kva no??

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

Meiningslaus handling #20

Etter å ha sett minnesmerket for Holocaust i dag verka det meiningslaust å drive med meiningslause ting. Meiningsløysa blei meiningslaus og eg fann ut at eg kjente meg meiningsfull, heldig og glad. Sentimentalt, men sant.

Kjem tilbake med meiningslause handlingar når livet kjennes for meiningsfullt att. Det er nok ikkje lenge til. Eg seier som kinoreklama gjorde i gamle dagar: Kom i hau, æ kjæm tebakers!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #19

Å reise til Berlin.
I formiddag dro eg og M ned til Kafé Ni muser for å ete lunsj (det var ikkje meir mat igjen heime, dessverre). Det var skikkeleg, skikkeleg godt. Kaffien var også veldig, imponerande, god. Oppi alt var dei som jobba der hyggelege óg. Heilt vilt.

Etterpå tok vi flybussen frå Prinsen Kinosenter. Der har eg aldri tatt flybussen frå før. Den køyrer jo tvers gjennom midtbyen, jo! Heilt vanvittig! Eg peika og prata og kom på galne historiar og anekdotar for kvart bygg vi passerte. Det tok heilt av.

Då tenkte eg: Kor meiningslaust er det ikkje å stikke til Berlin når det er så fantastisk moro å vere turist i Trondheim!?

Vi får tru det ser annleis ut i morgon.

Posta under Uncategorized | 2 kommentarar

Meiningslaus handling #18

Eg såg ein episode av Mad Men her om dagen, som eg hadde sett før. Meiningslaust nok i seg sjølv, kanskje, men det er ikkje det som er dagens. I den aktuelle episoden kom dottera til Don og Elisabeth, Sally, inn på rommet til mor si for å «zippe up» den lekre kjolen hennar før hos skal på fest. Det første ho seier når ho kjem inn i rommet er (og dette er ikkje ein spoiler): «I just walked backwards all the way from the livingroom.» (Ho lespar litt, så då er det ekstra søtt. Sesong 3, episode 3.)

Dette med å gå baklengs syntes eg var ein kjempegod idé, og tenkte at det skal eg jammen gjere når eg skal ut og drikke øl med venene mine seinare i dag. Som sagt, så gjort. Frå heime til busshaldeplassen, baklengs. Ein tur på ca. seks minutt framlengs. Eg presenterer ei videodagbok frå turen:

Dei første nølande skritta:

Eg held fram slik eg stevnar (?):

Nedoverbakke:

Flatmark:

Gooood tid:

Eg kom til å tenkje på ein Knutsen og Ludvigsen-song:

Så kom bussen og eg tok meg ein velfortent øl på Naboen etter ein baklengs tur på ikkje meir enn ti minutt i alle fall. Så veit eg kor lang tid det tar til ein annan gong. Kjekt.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #17

Frå tid til anna er eg frista til å skrive om alle dei meiningsfulle tinga eg (trass alt) også gjer. Denne handlinga er på grensa til å vere meiningsfull, eg ser det, men den kjennes likevel meiningslaus. Lovar.

Eg har måka balkongen for snø.

Spaden ventar.

Eg kaller den ein spade, og set i gang.

Det dumme med å måke snø er at det alltid kjem meir snø. Ustanseleg. Slik er det vel i grunn med alt slikt arbeid: husvask, klasvask, oppvask … Meiningslaust og uendeleg alt saman.

Det var trass alt ganske fint der ute (bruk fantasien, eg kan ikkje å ta bilete).

Ein perfekt kveld for lysløypetur i marka. Synd eg ikkje driv med slikt.

Og det så jammen ganske fint ut å kome inn att igjen óg.

Ute bra, men inne best.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Meiningslaus handling #16

I dag har eg fingerhekla litt. Forsøksvis. Eg lurte på om eg fortsatt huska det. Det gjorde eg ikkje, men etter litt googling, fann eg utav det.

Tvinna og klar

Eg hekla nokre rundar medan eg tenkte at eg ikkje anar korleis eg kan få produktet til å bli noko ein kan ha bruk for. Det blei jo berre ein slags uformeleg klump av garn.

Men at det var ein meiningslaus ting, kan ingen komme fra ...

Eg konkluderte vel med at eg nok må prestere betre for å kunne gje bort heimelaga julegåver i ein alder av 25 år. Så eg rekkja opp skiten.

Jaja. Brende mandlar kan eg fortsatt lage sjølv.

Posta under Uncategorized | 2 kommentarar

Meiningslaus handling #15

Eg kjøpte ein øl til.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget